Melchiorgarden
IMG_5361.jpg

Melchiorgarden er kjent som eige bruk sidan tidleg på 1700-hundretalet. Garden ligg som nummer to frå sjøen, på ”Dalssida”, i bygda Norddal.

Som ein av to geitegardar framleis i drift i Norddal, samarbeider vi om drifta på Herdalsetra, der geitene oppheld seg på sommarbeite. Her leiger vi ”budeier” til å ta seg av mjølking og ettersyn i juli – august. På setra har vi hytte, som vi leiger ut i periodar av vår, sommar og haust.

I 2010 bygde vi ny geitefjøs, med plass til om lag 200 mjølkegeiter. Kjekjøt har vorte ei etterspurd vare, og april månad er høgsesong. Kjea vert slakta anten vår eller haust. Dei første etter om lag seks veker, og har då ei slaktevekt på rundt fire kilo. Kjea som får gå på sommarbeite, og som ikkje skal brukast som mjølkedyr, vert slakta i september. Dei har då slaktevekt på omlag 15 kg.

I tillegg til kjekjøtet lagar vi kokemør og spekemør av reint geitekjøt. Pinnekjøt og spekelår vert produsert i tida fram mot jul, og bør tingast i god tid.

Alle skinn av geit og kje vert garva, og er populære gåveartiklar.

Frå 2003 har vi hatt om lag 5 mål bringebær, og ei avling på mellom 7 og 8 tonn per sesong. I tillegg til fersk konsumbær til butikk, hotell og direktesal frå garden lagar vi saft, sylte og gele av denne fantastiske råvara..

Vi har tre doble rom til utleige i gardshuset. Overnattingsgjestane har tilbod om heimelaga frukost der garden sine produkt er ein viktig del av måltidet.

Nytt gardskjøkken med gardsutsal/frukostrom og lokale for besøksgrupper er tatt i bruk våren 2011.

I utsalet kan du og finne varer frå fleire av lokalmatprodusentane i “The Happy End – Norddal”. Denne organisasjonen har som mål å produsere mat, kultur og opplevingar basert på lokale produkt, natur og tradisjonar. Saman kan vi skreddarsy tilbod for større og mindre grupper som ønskjer å kome til oss.

Torunn & Petter

IMG_5584.jpg

IMG_7935.jpg